IKT-reglementet for elevar i Møre og Romsdal fylkeskommune

IKT-reglementet er ein del av ordensreglementet for elevane i Møre og Romsdal fylkeskommune.

 

Som elev må du rette deg etter det gjeldande IKT-reglementet. Reglementet er underordna Ordensreglementet. 

 

Møre og Romsdal fylkeskommune forkortast her til MRFK.

 

§ 1 Formål

Reglementet skal fremje god samhandling, god orden og gode arbeidsvanar. Det skal bidra til eit stabilt og sikkert driftsmiljø, og eit godt lærings-og arbeidsmiljø for elevar i MRFK.

 

§ 2 Virkeområde

Reglementet regulerer elevane sine rettar og plikter ved bruk av nettverk, datatenester og digitale ressursar. Reglementet gjeld bruk av skulen sine, eigne og andre sine IKT-ressursar.

 

§ 3 Rettar og pliktar

  • Elevnettet skal brukast til opplæring etter dei gjeldande læreplanane i vidaregåande opplæring, for å nå kompetansemåla.

 

  • MRFK tildeler deg ein personleg brukarkonto. Du skal sørgje for at eige passord ikkje blir gjort kjend for andre. Dersom du får mistanke om dette må du endre ditt passord. Det er ikkje lov å bruke ein annan person sin brukarkonto eller endre, slette eller øydelegge digitale ressursar som tilhøyrar andre brukarar. Du har ikkje lov til å gjennomføre tiltak for å skjule din identitet på fylkesnettet eller på Internett.

 

  • Du har plikt til å sørgje for at eige datautstyr som blir brukt i fylkesnettet til ei kvar tid har installert oppdatert og aktivert antivirusprogramvare.

 

  • Du har krav på at personvernet ditt blir ivaretatt. Data om deg sjølv og arbeidet ditt skal være beskytta mot innsyn og misbruk.

 

  • Det er ulovleg å kopiere eller bruke programvare eller andre ressursar som er stilt til rådvelde av MRFK utan å ha forsikra seg om at dette er i samsvar med lisens- eller abonnementsvilkåra.

 

  • Du er personleg ansvarleg for dei krav av rettsleg og økonomisk art som rettshavarar måtte fremje ved bruk eller distribusjon av materiale utan løyve, medrekna nedlasting og bruk av piratkopiert programvare. Du er sjølv ansvarleg for lagring og tryggleikskopiering av eigne datafiler.

 

  • Det er ulovleg å overvake fylkesnettet for å fange opp digital informasjon eller utføre aktivitetar som grip inn i drifta av fylkesnettet.

 

 

§4 Generelle reglar for god bruk av digitale ressursar – Nettetikk

  • Bruk digitale ressursar på ei god måte som ikkje er i strid med opphavsretten eller åndsverklova.

 

  • Opptre ærleg, høfleg og vis respekt for andre personar.

 

  • Det er ikkje lov å framsette truslar og hets, utøve mobbing, diskriminering eller opptre på rasistisk vis. Dette gjeld både publikasjon/kommunikasjon på nettstader og sending av tekst, bilete eller film på mobiltelefon/nettbrett.

 

  • Bilde eller video av ein eller fleire personar kan berre blir lagt ut dersom det er innhenta skriftlig samtykke frå den/dei personane det gjeld eller i dei tilfella som er nemnt i åndsverklova § 45c.

 

  • Meld frå om du ser noko ulovleg. Dette gjeld både ulovleg materiale eller brot på rettar.

 

  • Du må aldri opne eit e-postvedlegg frå ein sendar du ikkje kjenner, eller med eit innhald som verkar useriøst eller uforståeleg.

 

 

§5 Logging og stenging

Datatrafikk blir logga. Hensikta er å administrere systemet på ein forsvarleg måte, og sikre at reglementet til skulen skolen blir følgd. Skulen vil ikkje utlevere loggar med mindre dette er pålagt av rettsvesen, gjennom dom eller lover.

 

MRFK kan gjennomføre elektronisk kontroll ved prøver, tentamenar og eksamen når datautstyr vert brukt. Bruk av ikkje tillatne hjelpemiddel, t.d. andre sine dataressursar og kommunikasjon under prøver og eksamen vil normalt vere definert som fusk eller forsøk på fusk. Det same gjeld innlevering av arbeid som ikkje er ditt eige produkt, jf. Ordensreglementet. Du er sjølv ansvarlig for at IKT-bruken under prøver og eksamen er i samsvar med retningslinene for tillatne hjelpemiddel, og at moglegheit for kommunikasjon  ikkje vert nytta utan at det er gitt særskilt løyve til det.

 

MRFK kan stenge for utvalde IT-tenester viss desse tenestene går på kostnad av pedagogiske tenester. Tilgang til dei primære IT-tenestene vil alltid bli prioritert.

 

MRFK kan sette i verk tiltak for å avgrense bruken av opne dataressursar ved å stenge for tilgang i elevnettet. Dette kan vere spelesider, sider med pornografisk innhald, sider med rasistisk innhald, nedlasting av musikk og video og sider med underhaldning.

 

§6 Brot på reglementet

Dette IKT-reglementet er ein del av ordensreglementet. For brukarar som bryt reglane vil tiltak bli vurdert etter reglane fastsett i ordensreglementet. I særlege tilhøve vil brot på reglementet kunne føre til erstatningsansvar og straffeansvar.

 

For brukarar som bryt reglane i dette reglementet kan brukarkontoen bli sperra.

 

Alvorlege brot på dette reglementet skal rapporterast til leiinga på skulen og mistanke om lovbrot kan bli meldt til politiet.

 

 

§7 Særlege reglar

MRFK er ikkje ansvarleg for tap av data, bortfall av digitale ressursar eller andre tap som skuldast svikt i interne eller eksterne datatenester. Fylkeskommunen/skolen har ikkje ansvar for private datamaskiner eller anna privat datautstyr.

 

MRFK kan gjere endringar i datatenester som har verknad for brukaren.

 

 

§8 Avslutte brukarkonto

Den som sluttar som elev i MRFK skal rydde kontoen sin. Du har sjølv ansvar for å lagre personlege data.

 

Materiell tilhøyrande MRFK skal leverast tilbake. Alle kopiar av programvare, dokumentasjon, digitale ressursar eigd av, eller lånt ut av MRFK, skal slettast slik at det ikkje lenger er tilgjengelig.

 

Definisjonar:

 

Elevnettet: Den delen av datanettverket som elevane koplar seg på med sine arbeidsstasjonar.

 

Datatenester: Kommunikasjonsressursar (t.d. elevenettet) og utstyr (t.d. servarar).

 

Digitale ressursar: Programvare, læringsressursar, e-post, web-baserte datatenester (læringsplattform) m.m. Dette omfattar både ressursar som MRFK stiller til rådvelde og eigne ressursar (t.d. filar og dokument)

 

Brukarkonto: Ein digitale ressurs som gir eleven eit brukarnamn og passord for å få tilgang til ulike blir gitt tilgang til ulike IT-tenester.